Feministisk kampanje!

Bergen Raud Ungdom har i desse tider ei feministisk kampanje gåande, så dersom du er lei av å bli klådd på, lei av å heile tida verte samanlikna med kvinneideala i porno og reklame eller lei av at kvinner er underordna menn er dette ein god sjanse til å verte aktiv i landets beste feministiske ungdomsparti og jobbe mot kvinneundertrykkinga.

Sidan januar har Bergen RU arbeidd mykje med kvinnekamp og feminisme. I Januar vart strippeklubben «Dreams» starta opp, og Bergen RU har spelt ei sentral rolle i kampen mot denne klubben. Stripping objektiviserar kvinners kropp og er sal av sex, på lik linje med til dømes prostitusjon og porno. Av same grunn gjekk me hardt ut mot Hovudrussestyret i Bergen når dei leide inn stripparar til russekickoffen.

På 8. mars deltek me med parolen «Merk retusjert reklame» i toget. All reklame vert i dag retusjert til det ugjenkjennelege, og jenter må heile tida samanlikne kroppen sin med glansbilete som ikkje fins i røynda. Denne stadige bekreftinga på at kroppen deira ikkje er god nok kan få grove konsekvensar. Mange jenter lider av eteforstyrringar i dag og det er difor eit stort paradoks at reklameindustrien kan bedrive si rovdrift på kvinners sjølvtillit. Merking av retusjert reklame er difor eit viktig krav som kan ha mykje å seie for jenter.

I samband med dette vil me 9. mars halde eit ope møte med dette som tema, der me og knyttar det opp mot kjønnsrollar. Arrangementet vil vere ein del av 8. mars-veka i Bergen.

I april arrangerer me bøllekurs, eit feministisk sjølvtillitskurs. Gjennom dette kurset kan du lære meir om kvinneundertrykkinga som foregår i samfunnet i dag og korleis du sjølv kan jobbe mot den. Kurset er anbefalt for alle nye jenter i RU og alle andre som er interesserte!

Har du lyst til å bli aktiv i RU? Ta kontakt med leiar Marte Teigen (47 29 46 50), send oss ein mail på bergen@sosialisme.no eller møt opp på kontoret i Vestre Torggate 6, der me har møter kvar tirsdag klokka 18.

Meir om Bergen RUs feministiske arbeid i media.

Demonstrasjon mot strippebar:
http://www.ba.no/nyheter/article4823145.ece
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Aksjonerer-mot-strippeklubben-1010085.html

Krever unnskyldning frå russestyret:
http://nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.6988428

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s