KOM PÅ HAUSTLEIR!

Valkampen er over, og politikarane har nær sagt tekne ferie, men det har ikkje me. Arbeidet for revolusjonen, og ei betre verd tek ikkje slutt. Det er viktige kampar å kjempe kvar dag, saman med folk, mot utbytting og diskriminering av ymse slag. Difor skipar Bergen Raud Ungdom til haustleir i den siste delen av haustferien, for alle som vil vere med, og alle dei som allereie er med i kampen for ei rettferdig verd.
Leiren vert altså frå 4.-7. oktober på ei hytte på Kvamskogen, litt utanfor Bergen. Der kan ein få lære meir om politikken vår, og kva for ideologiar me byggjar han på. Det tyder at ein får vete meir om mellom anna feminisme, kva me legg i det å vere ei revolusjonær rørsle, om homokamp, Nepal, Irak og mykje anna spanande. Det vert for det meste unge, flinke menneske frå Raud Ungdom og Raudt som kjem for å halde innleiingar.
I tillegg til alle desse innleiingane, er det òg mogleg å få forbetra nokon av dei meir kreative evnene ein har, eller gjerne skulle ynskje at ein hadde hatt, då det vert kulturelle verkstadar i løpet av helga. Du får dessutan verte kjent med mange hyggelege ungdommar som er interessert i, eller er medlem av Raud Ungdom, både frå Bergen og andre stadar i Noreg. Det kan verte mange seine kveldar med diskusjonar, gitarspel, film og anna kveldskos.
Me byrjar å få meir erfaring med å lage leir, og me kjenner godt til den trivelege, godt egna staden me skal vere på, så alt tyder på at det kjem til å verte, om ikkje den, så ein av dei mest, vellukka leirane me nokosinne har hatt.
For å melde seg på er det berre å sende ein e-post til bergen@sosialisme.no. Det vil verte felles avreise på torsdagen den 4. oktober. Leiren kjem ikkje til å koste meir enn førre leir, altså ikkje meir enn 350 kr, mindre viss me får alle dei pengane me har søkt om. Då er òg maten er teke med i prisen. All anna praktisk informasjon som du treng vil du få melding om så snart som mogleg, viss du melder deg på.

n635061180_181582_1028.jpg

Biletet av Sunniva er teke på førre leiren me hadde.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s