STREIK!!!

Skular i Hordaland manglar læremiddel på nynorsk. Dette strir imot opplæringslova, og syner nok ein gong korleis nynorskelevane systematisk vert diskriminert. Korkje styresmaktene,med Øystein «Dype»dal i spissen, eller forlaga ser ut til å lyfte ein finger. Raud Ungdom, i samband med Bergen Norsk Målungdom, oppmodar elevar til streik torsdag den 30.august for å seie ifrå om at det skal vere nynorske læremiddel før skulen startar.

Sjå også:http://www.nynorsk.no/nmu/Norsk Mål Ungdom

Advertisements

7 thoughts on “STREIK!!!

  1. Vi fekk ikkje innvilga politisk fråvær av skulen vår (Garnes Vgs). Det står visst i reglane (som vi aldri har høyrd om) at ein må søke om politisk fråvær/streik 1-2 veker før aksjonen gjennomførast.

    Likavel vil eg ikkje sei at aksjonen var heilt mislukka. Veldig mange var interessert i å delta, og det visar i det minste at folk engasjerar seg (eventuelt har lyst på fri).

  2. Det er bare å gi blaffen i fordi argumentet faller på sin egen urimelighet. Om en sak kommer brått på vil et slikt reglement medføre lokk på aksjonisme, selv om saken er særdeles viktig. Men husk: Få flertallet med dere, da de fleste skyr kollektiv avstraffelse.

  3. Jeg var på mitt første møte i går, fikk noen politisk fravær søknader og levere ut. De forsvant nesten før jeg hadde kommet på bussen i dag morges.
    Så jeg kopierte opp flere.
    men enkelte lærere likte veldig godt at jeg sto opp for dette og slapp meg inn i klasserom for å snakke med elever i klasser om streiken.
    Veldig velykket!
    Selvom avdelingslederen hater meg så var det virkelig verdt det.
    MANGE elever vil i morgen streike på årstad.

  4. Siden det er avklart av vi ikkje får politisk fråver, er det veldig få som vil streike.

    På allmenn (garnes) var det visst eit sabla kaos. Lærarane var veldig negative, og ei stod visst å skreik i gongen om kven som trudde dei kunne levere noko sånt utan å avklare det først med skulen. Folk hadde veldig lyst å delta, så det hadde blitt ein stor streik dersom denne regelen ikkje hadde eksistert. Vi har og spørt om vi kunne få sjå dette reglementet, sidan ingen veit om det, men vi har ikkje fått noko klart svar. Lærarane hevda også at dette var reglar som var felles for heile fylkekommunen, men det virkar litt rart at ikkje NMU, RU, AUF, Senterungdommen eller SU visste om det.

  5. Skjønner godt at vi får fråver ellers hadde dei som ikkje bryr seg og streika bare for fri dagen sin skyld..
    Kommer nok til å streike likevel..

  6. Gratulerar med velukka demonstrasjon! Takk til alle dei som møtte opp ved den blå steinen og gjekk i tog i dag. Det er bra de engasjerar dykk! Vi fekk heldigvis god mediadekning, noko som er viktig for å skapa blest rundt saka:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s