Vi ser Raudt!

By bergenraudungdom

Nokon har kanskje fått med seg at det har vore ei partisamanslåing og -stiftelse i helga. AKP og RV har lagt seg ned for å slå seg saman og bli med i dette nyfødde og spennande partiet Raudt. Vi bør klappe oss sjølve på skulderen for den flotte jobben som vi har gjennomført i Oslo.

Mange av diskusjonane rundt dette nye partiet har i hovudsak gått i namn og kven som skal bli med. Alle uavhengige og interesserte skal sjølvsagt få bli medlem, og når det gjelder namn var det fremma forslag som Solidaritet, Raudt Val og Raudt Folkeparti. Under RU sitt landsmøte på fredagen, var det eit fleirtal som ønska at det nye partiet skulle heite Solidaritet, men under sjølve samanslåingsmøtet stemte 69 % av RUarane på namnet Raudt fremfor Solidaritet. Bergen Raud Ungdom er sjølvsagt strålande nøgd med at det nye namnet faktisk blei Raudt. Me er svært glade for at me ikkje fekk det innholdslause og kjedelige namnet Solidaritet.

Det blei i tillegg stemt over og endra på eit par vedtekter for RU, som til dømes at medlemma bare får vere frå 13 til 26 år gammal, og ikkje frå 13 til 30 år gammal som det har vore før.

Alt i alt har det vore ein vellukka helg, med mykje mediadekning, og mykje flotte retningar for eit nytt, revolusjonært og feministisk arbeiderparti.

Legg att eit svar